A Nightmare on Elm Street

Film / 2010
3/5

Om den nye versjonen av A Nightmare on Elm Street har fått pes, er det i grunn unødvendig. Eg har sett filmen som er ei ny tolking av filmen som starta den kjære franchisen på 1980-talet, og som har husa ein av dei mest grufulle filmfigurane dei siste 30 åra, Freddy.

Ute er Robert Englund, og rolla som Freddy Krueger har blitt overteken av Jackie Earle Haley. Dei øvrige rollene er fylt av stjerner frå seriar og mindre filmar. Borte er dei drygaste klovnefaktene frå tidlegare, men eg synst heller ikkje filmen tar seg sjølv for seriøst.

Stemninga er rett i tida. A Nightmare on Elm Street er mørk og dyster, med mørkeraudt blod og lite lys. A Nightmare on Elm Street siktar mot å vere ein skikkeleg skrekkfilm, og klarer å styre unna fella å bli ein grøssarkomedie. Her kan lite eller ingenting bli skulda på dumme ungdommar, for Freddy er både smart og har ein klar fordel over dei, han drep mens dei søv.

Den som held filmen tilbake er først og fremst uengasjerande ungdommar, desse er både for like kvarandre og du bryr deg aldri om at dei dør. Ein fordel eg hadde var at eg kjente igjen fleire ansikt frå seriar, så eg fekk såleis nokon knaggar å feste personane på. I tillegg er ein ny versjon av ein så god film som A Nightmare on Elm Street frå 1984 heller unødvendig. Men eg unner nye unge å få ta del i kva Freddy Krueger er, og kanskje ein ny versjon av A Nightmare on Elm Street er greit til dette formålet.

A Nightmare on Elm Street 2010 plakat - Filmdagbok