A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors (1987)

Film / 14. mars 2008
3/5

A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge var eit hasteprosjekt som kom året etter A Nightmare on Elm Street. Med A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors blei det tid til å skrive eit betre manuskript, denne gongen av Wes Craven igjen. Og på skodespelarsida er det igjen namn verdt å nemne.

Wes Craven har ikkje tatt på seg å regissere A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors, ein film som hentar tilbake Nancy seks år etter historia i første film tok plass. Ungdommar har nok ein gong fått eit felles mareritt om stygge Freddy. Patricia Arquette er den viktigaste ungdommen som hamnar i trøbbel, og me blir flytta til eit sinnssjukehus der Nancy nyleg har blitt henta inn som hjelp, ettersom ho etter kvart har spesialisert seg på draumar i psykologibransjen.

I A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors er teamarbeid i kampen mot Freddy det viktige. Freddy ser aldri ut til å forsvinne, men han er jo òg kjerna i filmserien. Litt skryt må eg også gi til dei som har laga tittelskjermen innleingsvis, ein tittel som blir vist i den mest funky grønfargen. Filmen byggjer vidare på bakgrunnshistoria som han gjekk innpå i første filmen, noko som med stabilt manus bidrar til ei god filmoppleving og interessant karakterbygging av Freddy. Men det er endå meir å hente her merkar eg. Igjen er ting blitt gøy, effektane er storvegs, det er mykje punktfotografering her, og stemninga er guffen. Spesielt ei scene der musklar blir rivne ut og brukt som trådar til å styre personen i eit dokketeater var grøss å sjå på.

Eg føyer meg ikkje for presset til andre i mine eigne karaktervurderingar, grunnen til at eg i denne stund gir denne ein sterk 3/5 og hevar A Nightmare on Elm Street til 4/5 er fordi eg har funne meg meir til rette med desse filmane, som stadig byr på vanskar ettersom det er vanskeleg å sette tal på meiningane til ein film. Dette er ein god film, A Nightmare on Elm Street er betre.

A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors 1987 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

A Nightmare on Elm Street

Regi

Chuck Russell

Manus

Bruce Wagner, Frank Darabont, Chuck Russell, Wes Craven

Skodespelarar

Heather Langenkamp, Craig Wasson, Patricia Arquette, Robert Englund, Ken Sagoes, Rodney Eastman, Jennifer Rubin, Bradley Gregg, Ira Heiden, Laurence Fishburne

Sjangrar

Fantasi, Grøssar, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Nightmare on Elm Street 3: Dream Warriors

Forfattar