A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge (1985)

Film / 13. mars 2008
3/5

Me skal tilbake til Elm Street, og faktisk også til huset der vår Nancy frå A Nightmare on Elm Street budde. Fem år har gått sidan den gang og familien Walsh har nyleg flytta inn.

A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge går rett på sak, så eg ser ingen grunn til ikkje å gjere det same. Jesse Walsh er sonen i huset og han opplever grufulle mareritt etter å ha tatt over Nancy sitt gamle rom. Han blir offer for ein meir utspekulert Freddy som har planar å la Jesse utføre drap for seg.

I eit forrykande tempo i ein film som hoppar litt stakkato mellom den eine natta til neste, der møta med Freddy og mareritt er det absolutt viktigaste, mistar dette grepet om den store historia. Den første filmen var enkel på ein god måte, denne blir meir simpel, med vekt på negative konnotasjonar.

Dette sagt, A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge er ein overkommeleg film, og eg kjeder meg strengt tatt aldri. Han klarer å presse inne masse god guffe, sjølv om det aldri blir skummelt. Humoren er ikkje så spiss som i førre, og saman med gode rollefigurar er det brodden eg saknar mest. Filmen manglar nokon forklaringar undervegs som bidrar til den ujamne flyten, på ei anna side går du ikkje glipp av dei viktigaste informasjonsbitane.

På eit lågare nivå har filmen mykje for seg. Vil du ikkje bli prega av mitt syn på karakterane før du ser filmen, så rår eg deg å hoppe over neste avsnitt.

Startar du å sjå på Jesse som ein homofil som ikkje har komme ut av skapet, og som slit veldig med seg sjølv og som let den vonde Freddy vere det som straffar han undervegs, så er dette mogleg å gi mykje meining. Filmen er suspekt, i mangel på eit betre ord, frå tidleg stadium, det er enkelt å legge merke til. Mange sekvensar undervegs er med på å støtte opp rundt dette, blant anna ei ganske dryg sadomasochistisk scene med gymlæraren i dusjen.

Skal eg trekke ein konklusjon ut frå dette, så er det at A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge var betre enn forventa.

A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge 1985 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

A Nightmare on Elm Street

Regi

Jack Sholder

Manus

David Chaskin, Wes Craven

Skodespelarar

Mark Patton (I), Kim Myers, Robert Rusler, Clu Gulager, Hope Lange, Marshall Bell, Melinda O. Fee, Tom McFadden, Sydney Walsh, Robert Englund

Sjangrar

Fantasi, Grøssar, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Nightmare on Elm Street Part 2: Freddy's Revenge

Forfattar