A Perfect Murder

Film / 1998
3/5

Eg såg denne filmen i går, og tykte faktisk han var god. Ein perfekt søndagsfilm. Som ei nyinnspeling av ein gammal Alfred Hitchcock-film, Dial M For Murder, så var det venta at han skulle vere god innimellom. Alfred Hitchcock er jo ikkje kjent for ingenting.

Michael Douglas passar godt som rik forretningsmann, ei rolle som eg har sett han i fleire gonger før. Rolla til Viggo Mortensen var litt svak, han er verken vond eller mystisk nok. Men likevel er filmen god, og grei som sagt på ein søndagskveld, med eit glas fruktjuice til.

A Perfect Murder 1998 plakat - Filmdagbok