A Place to Call Home

Serie
2013–2018
4/5

Det australske familiedramaet A Place to Call Home har teke Noreg med storm dei siste åra. Eg blei nysgjerrig nok til å gi serien ein sjanse, og enda opp med å sjå heile.

Det handlar om den velståande familien Bligh, som bur på ein liten stad kalla Inverness i Australia. Og det handlar om sjukepleiaren Sarah, som kjem til Inverness i byrjinga av serien.

Sarah møter mykje motstand frå bestemora i Bligh-familien, fordi ho veit for mykje om noko. Bestemora er opptatt av at familien framstår som perfekt, så aktivitetane til sonen hennar, og dei vaksne ungane hans igjen, er det viktigaste for ho å halde styr på.

A Place to Call Home plasserer seg i blant nær dei drygaste såpeseriane i forviklingane som oppstår, og tilnærmar seg andre gonger romantiske seriar eller britiske familiedrama. Det var den gode stemninga som gjorde at eg held fram med serien etter å ha gitt han ein sjanse. Men denne stemninga varer ikkje evig. For etter kvart som sesongane går, så blir det meir kriminalitet og mindre romantikk. Kanskje litt i meste laget, og litt slitsamt på det verste. Men ikkje på ein måte at eg vurderte å gi opp og sjå serien.

A Place to Call Home er litt av alt, og det er ein av tinga som er fint med serien. Han tek opp seriøse tema knytt til både 1950-talet og i dag. Han er i blant føreseieleg på dei drygaste såpeserieaktige måtane. Det er ein visuelt nydeleg serie å sjå på. I blant eksperimenterer produksjonen på kameravinklar og klypp som ikkje gir meining. Det er ofte opplagt at eit karakter endra meiningar og haldning berre for at serien må skape dramatikk, og det blir kunstig, men er fornøyeleg på sin måte.

Med andre ord er det mykje å ta tak i her. Men kanskje viktigast av alt er det at serien har ein god flyt og alltid har ei historie på gang som eg vil vite utfallet av, og difor held eg på å sjå serien vidare heilt fram til siste slutt.

A Place to Call Home 2013-2018 plakat - Filmdagbok

Alternativ tittel

Et sted å høre til

Publisert

11. september 2020 av

Skapar

Bevan Lee

Skodespelarar

Marta Dusseldorp, Noni Hazlehurst, Brett Climo, Craig Hall (II), Abby Earl, Frankie J. Holden, Arianwen Parkes-Lockwood, Sara Wiseman (I), Deborah Kennedy (I), David Berry (XXIV)Vis alle 325 skodespelarar

Sjanger

Drama

Land

Australia

IMDb

IMDb-side om A Place to Call Home