A Prairie Home Companion (2006)

Film / 17. september 2006
2/5

Nyaste til Robert Altman er ein film omkring en sending av det kjente amerikanske radioprogrammet med same namn som filmen, som har gått frå ulike scener i over 30 år. Eg er litt usikker på historia på, for filmen var ikkje så interessant at eg tok meg bryet å lese meg opp særleg omkring han. Musikken er det som utgjer filmen, saman med stemma til Garrison Keillor, som er ein av dei betre radiostemmene eg har høyrt, trass i at programmet ikkje var så interessant.

Filmen er full av stjerner: Woody Harrelson, Tommy Lee Jones, Kevin Kline, Lindsay Lohan, Virginia Madsen, John C. Reilly og Meryl Streep, for å nemna dei største. Det gjorde vel sitt til at eg så filmen. Det var iallfall halvparten av grunnen. Resten gjekk i bakgrunnen, for musikken fungerte så lenge eg slapp å sjå på at han skulle bli framført. Omgrepet uvisse er lykke passar bra her. Er denne blandinga av country og gospel, banjo og gitarspeling noko som høyrest interessant ut, er det ikkje verre enn at du ser filmen.

A Prairie Home Companion 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Robert Altman

Manus

Ken LaZebnik, Garrison Keillor

Skodespelarar

Marylouise Burke, Woody Harrelson, L.Q. Jones, Tommy Lee Jones, Garrison Keillor, Kevin Kline (I), Lindsay Lohan, Virginia Madsen, John C. Reilly, Maya Rudolph (I)

Sjangrar

Drama, Komedie, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Prairie Home Companion

Forfattar