A Room with a View

Film / 1985
3/5

Langt i frå det beste romantiske dramaet eg har sett. Filmen gav meg ikkje den gode kjensla eit kvalitetsdrama i denne sjangeren bør gi. Innimellom var filmen kjedeleg, smått variert med litt morosame scener. Avstanden til favorittdramafilmane mine er nok stor. Og eg har ikkje så mykje til overs for Helena Bonham Carter.

Eg har heller ikkje så mykje til overs for Judi Dench, sjølv om eg kan tole ansiktet hennar betre. Det er altså ein fordel at ho ikkje er så altfor mykje med i denne filmen.

Historia er ei rein kjærleikshistorie, som eg nemnt over ikkje fekk den rette kjensla for.

A Room with a View 1985 plakat - Filmdagbok