A Royal Christmas (2014)

Film / 22. desember 2015
3/5

Eit par rundt juletider har planar om å halda til jula i Philadelphia, der dei bur. Men då mora til fyren ringer, endrar planen seg drastisk. Fyren avslører for dama at han er prins i eit lite land om lag i den delen av Europa me kjenner som sør i Frankrike. Og dei endar opp med å dra dit til jula.

At prinsen har med seg ein kjærast heim som ikkje er kongeleg, er grunnlaget for dramatikken i A Royal Christmas. Ein enkel romantisk komedie frå Hallmark med Lacey Chabert og Stephen Hagan.

Det skal litt til frå sida mi å skriva noko nytt og spennande om ein film som ikkje byr på verken noko nytt eller spennande. Eg kan like ein romantisk film som veit å stikka djupt nok til å røra, men har sjeldan late meg røra av ein miks av kongelege og vanlege. Det er ein sjanger for enkelte, men for meg er prinsen som lèt seg føya av dronninga eit teikn på svakheit. Og monarkiet er eit minne om overgrep mot individet.

Så eg fokuserte på det romantiske her, men vart ikkje bergteke. Og det er med naud og neppe at eg gjev filmen den positive rangeringa han får.

A Royal Christmas 2014 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Hallmark, Julefilmar

Regi

Alex Zamm

Manus

Janeen Damian, Michael Damian, Neal H. Dobrofsky, Tippi Dobrofsky

Skodespelarar

Lacey Chabert, Stephen Hagan, Jane Seymour, Katherine Flynn, Simon Dutton, Mitchell Mullen, Katrina Nare, Diana Dumitrescu, Vlad Ianus, Kate Loustau

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Royal Christmas

Forfattar