A Scanner Darkly (2006)

Film / 15. oktober 2006
3/5

Dette er ein film eg har vanskeleg for å skrive om. Tankane som surra i hovudet når eg så filmen var veldig splitta, og høgre og venstre hemisfære kjempa hardt for å få siste ord i samanhengen. Men eg startar med det eg likte med filmen.

Animasjonsmetoden brukt i A Scanner Darkly er den same som i den tidlegare filmen til Richard Linklater, Waking Life, og er laga med ein teknikk som heter interpolated rotoscope. For dei som ikkje har sett filmtraileren eller Waking Life kan denne teknikken bli oppsummert som eit teikneseriefilter på det ekte bilde. Dette gir moglegheiter for å endre bilde og legge til dataanimasjonar utan at det blir merka på anna enn logisk vis. Det eg først og fremst merkar med filmen når han bruker ein slik teknikk er at folk og bilde kjem på avstand. Men i enkelte situasjonar føler eg i motsett fall at det er ei ledigare og meir truverdig haldning blant rollefigurane, og at dei blir meir nære.

Filmen er litt tung å fordøye, og eg ser det som ein fordel å ha kjennskap til romanen. Når boka skal bli ein film på 1 time og 40 minuttar så er det noko som blir borte, og da er det greit å kunne fylle ut dette sjølv. Forutan karakterane Bob Arctor og Donna som eg kjenner betre frå boka, som Barris, Luckman og Freck, er mest med i starten, og blir plutseleg ikkje så viktige lengre.

Etter ein time gjer filmen et lite hopp på stigen, og dei siste 40 minuttane synest eg er blant dei beste til filmen. Ikkje at eg prøver å framstille det som at den første timen er dårleg. Men det er mot slutten av filmen at ting byrjar å skje. I starten er det meste glupe samtalar som finn stad. Det blir ei kunstig fordeling av handlinga i mine auge.

Eg kjem ikkje til å skryte på denne filmen noko på grunnlag av at boka var god, eller at filmen er laga av Richard Linklater, eller at stilen er spesiell. Dette blir ikkje meir enn ein grei film, eg hadde håpt på ein betre adapsjon.

A Scanner Darkly 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Richard Linklater

Manus

Philip K. Dick, Richard Linklater

Skodespelarar

Rory Cochrane, Robert Downey Jr., Mitch Baker, Keanu Reeves, Sean Allen, Cliff Haby, Steven Chester Prince, Winona Ryder, Natasha Valdez, Mark Turner

Sjangrar

Animasjon, Drama, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Scanner Darkly

Forfattar