A Short Film About John Bolton (2003)

Film / 21. september 2019
3/5

Den første filmen ut under Katakombefilm 2019 (K14) var A Short Film About John Bolton av Neil Gaiman. Dette er ein kortfilm og ei etterlikning av ein dokumentarfilm, om ein kunstnar som målar nakne vampyrkvinner.

Kunstnaren John Bolton er mildt sagt ein spesiell fyr. Han seier lite, men når han først gjer det er han direkte og bokstavleg. Kunsten hans har blitt populær og rike kjøparar er interessert. Filmen byrjar i det han skal stille ut fleire verk, og ein av dei interesserte kjøparane me møter er Jonathan Ross, som er med på å etablere John Bolton som eit populært namn i kunstbransjen.

Alt som blir fortalt i A Short Film About John Bolton er berre oppdikta. Det er ein veldig tona ned komedie, som tar ei dramatisk vending etter kvart. Både for å bevare spenningen, og sidan dette er ein kortfilm, får det halde med desse små hinta til innhaldet.

Eg likte humoren, men er ikkje sikker på om eg hadde vore open for denne filmen om eg såg han åleine. Han brukar tid på å komme i gang, og ting skjer litt sakte. Men i Katakombene passa filmen godt, og med dei rette folka blei det ein grei film å sjå.

A Short Film About John Bolton 2003 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Katakombene

Regi

Neil Gaiman

Manus

Neil Gaiman

Skodespelarar

John O'Mahony, Marcus Brigstocke, Carolyn Backhouse, Jonathan Ross, Tree Petts, John Bolton (I), Judith Clute, Jayne Nelson, Denise Worme, Betti Marenko

Sjanger

Kort

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om A Short Film About John Bolton

Forfattar