A Star Is Born

2018 / Film
14. desember 2018
4/5

Denne Bradley Cooper-regisserte filmen med han sjølv og Lady Gaga i, såg eg ikkje mindre enn to gonger på kino. Årsaka til dette var ei dårleg oppleving med publikummet på den første visninga, men filmen gjorde likevel godt nok inntrykk til at han fortente å bli sett ein gong til.

Kinoen bistod til og med med gåvekort som kompensasjon for dårleg oppleving. Takk til ODEON Kino i Oslo for dette! Det er altså med denne bakgrunnen at eg skriv denne filmanmeldelsen.

Lady Gaga spelar servitøren Ally som syng på klubb etter arbeidstid. Bradley Cooper spelar ein kjent musikar ved namn Jack. Han møter ho ein kveld han tilfeldigvis tek turen innom klubben ho syng på. Ei låt seinare er han interessert i ho og hennar stemme.

Dei held i lag i lange nattetimar, og har både felles interesser og elles god kjemi. Det endar med at han køyrer ho heim, og avsluttar deira første møte med å invitere ho på sin neste konsert. Noko ho ikkje umiddelbart takkar ja til.

Filmen heiter A Star Is Born, og det er dette filmen handlar om. Lady Gaga spelar kvinna som blir stjerna, og me følgjer i hovudsak hennar utvikling, framgang og forholdet til karakteren Cooper spelar. Karrieren til Jack går gradvis nedover, og han slit med dette og dårleg høyrsel, og tyr til alkohol og piller i stor grad.

Deira vegar møttes, men går etter kvart bort frå kvarandre. Filmen formidlar alt dette på ein god og intens måte, med tilhøyrande god musikk. Lady Gaga framfører minneverdige songar, og Cooper syng heilt kurant han også.

A Star Is Born er både ein god film om å jobbe seg opp og fram, om å lykkast og om kjærleik. Han skyr heller ikkje dei vanskelege tema som at kjærleik ikkje er nok når andre ting er feil. Dette gjer filmen til eit sterkt drama.

A Star Is Born 2018 plakat - Filmdagbok

Annonse

Regi

Bradley Cooper (I)

Manus

Eric Roth, Bradley Cooper (I), Will Fetters, Moss Hart, John Gregory Dunne, Joan Didion, Frank Pierson, William A. Wellman, Robert Carson

Skodespelarar

Lady Gaga, Bradley Cooper (I), Sam Elliott (I), Andrew Dice Clay, Rafi Gavron, Anthony Ramos (VIII), Dave Chappelle, Alec Baldwin, Marlon Williams (VI), Brandi Carlile

Sjangrar

Drama, Musikk, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Star Is Born

Forfattar

Asbjørn Ness