A Very Merry Mix-Up

Alicia Witt spelar hovudrolla i julefilmen A Very Merry Mix-Up, som er den femte Hallmark-julefilmen eg har sett i løpet av den siste tida. Forventningane var større enn normalt etter å ha sett Alicia Witt spele i den overraskande gode I'm Not Ready for Christmas.

I A Very Merry Mix-Up spelar ho ein jordnær eigar av eit antikvariat, som er trulova med ein snodig eigedomsmeklar. Da dei skal feire jul hjå familien hans, er planen å fly dit i lag, men han må la henne dra i forvegen på grunn av forretningsårsaker.

Til ei viss grad byggjer filmen opp til ei slags overraskande vending, men ettersom både tittelen til filmen og ikkje minst hinta er krystallklare, kan eg trygt avsløre at kvinna hamnar hjå feil familie når ho kjem fram til heimstaden til sin trulova.

Søte tonar oppstår, og det store spørsmålet er kva som vil skje når den trulova endeleg kjem. Ser du filmen vil du sannsynlegvis gjette rett. Det betyr ikkje at dette er ein dårleg film. Men han briljerer heller ikkje. Eg vil nok kategorisere dette som ein trygg og fin film, som spelar sterkt på kjensler. Alicia Witt briljerer på si side, og er ein fryd å sjå spele. Hennar motspelarar eller medspelarar er derimot ikkje særleg minneverdige.

A Very Merry Mix-Up 2013 plakat - Filmdagbok