A Very Murray Christmas

Ein time med julemusikk og enkel komedie er det A Very Murray Christmas er samansett av. Bill Murray og andre skodespelarar og musikarar syng julesongar her og der i ei historie som er ein unnskyldning til å halda opplegget isolert på eit hotell i New York.

Det fungerer for det som det er. Eg var ikkje spesielt interessert i musikkbiten i utgangspunktet, men fekk litt sansen for han og hadde sansen for gjestene, og synst totalen er akkurat passe kul.

På sett og vis klarer A Very Murray Christmas å laga stemning meir enn mykje anna. Og eg har ein idé om eg kan finna på å sjå denne igjen ved eit seinare høve, nettopp på grunn av gjestene og greia dei skapte av musikken.

A Very Murray Christmas 2015 plakat - Filmdagbok