A Wish for Christmas

Ein runde med julefilmar laga for tv er ikkje fullkommen utan Lacey Chabert, som òg representerte fjoråret si julefilmsjåing med ikkje mindre enn tre filmar. I denne Hallmark-filmen spelar ho mot Paul Greene.

A Wish for Christmas er ein julefilm med ein liten magisk vri. Lacey Chabert spelar ein webdesignar som lèt andre køyra over seg, stela ider frå seg og generelt vert utnytta. Når ho møter ein fyr i julenissedrakt på ein fest, får ho høve til å ønskja seg noko, og det ho ønskjer seg er meir mot.

Ønsket går i oppfylling, og dette fører til mykje godt for karakteren til Lacey Chabert. Saman med sjefen dreg dei på jobbreise for å presentere ein marknadsføringside.

Filmen blandar romantikk, familie og litt magi på ein fin måte. Paul Greene er blant dei mindre anonyme mannlege motspelarane eg har i julefilmar hittil i år, som tyder at han er ein oppegåande skodespelar og ikkje berre eit pent ytre. Lacey Chabert står fram som alltid som litt jordnær og ekte, og er sjølvsagt òg søt. I lag har dei god kjemi.

Resten av kva denne filmen byr på er ikkje det heilt store. Eit inntrykk mange av julefilmane til Hallmark gir er at kulissene rammast av lågare produksjonsbudsjett. Det er heilt greitt, og eg bryr meg eigenleg ikkje. Men eg reagerer på stemninga som kjem av den skarpe sommarsola som skin gjennom eit kunstig snøvêr. Sola og mangel på ei følt kulde set meg rett og slett ikkje i julestemning.

A Wish for Christmas er ein film som vil gå bort i mengda. Det beste han har for seg er skodespelarane, medan resten er rein plankekøyring og lite utfordrande.

A Wish for Christmas 2016 plakat - Filmdagbok