Aachi & Ssipak
Rå animasjon og bæsj er stikkorda for denne sør-koreanske produksjonen som er å finne som sju episodar i serieformat, eller som heil film.
Eit framtidig samfunn har utvikla teknologi som hentar energi frå bæsj og oppfordrar dermed alle til å drite mest mogleg, noko som blir lønna med eit narkotika i form av iskrem. Aachi og Ssipak er to kriminelle som livnærer seg ved å selje stolne iskremar på svartebørsen, og blandar seg oppi lumske saker involvert cyborg-politi, mutantar og lokal mafia.
Heile filmen er rimeleg absurd, men med villaste action i animasjonsform på lenge går 90 minuttar unna, og filmen stoppar ikkje å overraske undervegs, sjølv om historia i grunn glir ut.
