About Alex (2014)

Film / 3. oktober 2015
3/5

Ein av personane i en vennegjeng frå college, som no er blitt vaksne og spreidd for vinden, prøver å ta sjølvmord. Dette samlar dei igjen i bustaden til fyren, Alex, for nokon seriøse dagar etter hans heimkomst frå sjukehuset.

Tida i lag er prega av mimring, ulike måtar å forholde seg til sjølvmordsforsøket, personleg drama, men også en god dose glede og latter. Og det er gjennomført på en til tider fengslande måte, og elles interessant eller underhaldande måte.

Det hadde vore lettast å forklare About Alex i form av samanliknar med tidlegare filmar. Som sagt i filmens diskusjon om referansar, så er dei i ein situasjon som er typisk for film. Ei god gruppe tidlegare venner som ikkje har noko med kvarandre å gjere som gruppe meir. Det er mange variantar av denne type film, en av dei klassiske er første møte etter college er over, og den kommande kvardagen synk inn.

About Alex er ein litt annan vri. Deler av gruppa har hatt kontakt, mens andre har mist kontakten, eller med vilje tatt avstand frå collegetida. Deira møte igjen vitnar om en stor forskjell i karakterar, som godt mogleg var venner på college fordi dei hadde nettopp studietida til felles.

Eg set pris på filmar der dialogen er det viktige. Og eg har også sansen for denne type gjenforeiningsfilmar. Som American Reunion, St. Elmo's Fire og The Groomsmen. Så About Alex burde vere midt i blinken. Kanskje eg var prega av å ha sett ein god film tidlegare på dagen, kanskje filmen ikkje stikk djupt nok. Men eg kan ikkje sei stort meir enn at filmen er god, og ikkje veldig god.

About Alex 2014 plakat - Filmdagbok

Regi

Jesse Zwick

Manus

Jesse Zwick

Skodespelarar

Nate Parker, Jason Ritter, Maggie Grace, Max Greenfield, Aubrey Plaza, Max Minghella, Jane Levy, Adam Saunders, Rey Lucas, Devon (XVIII)

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om About Alex

Forfattar