About Last Night...

Film / 1986
2/5

About Last Night… er eit romantisk drama frå 1986, regissert av Edward Zwick, og med Rob Lowe og Demi Moore.

Karakterane til Rob Lowe og Demi Moore møtes, blir forelska, flyttar i lag, og kranglar. Dette er i all hovudsak heile filmen. Litt motstand frå utsida møter dei også, av venner som enten er sjalu, bekymra eller begge deler.

Det er lite ved filmen som utmerker seg positivt. Filmen overdriv på måtar som er vanskeleg å tru på. Han er lang, trøyttande og repeterande. Eit par augeblinkar treff og er rørande, men i det fulle og heile er det lite som skapar engasjement.

Stå over denne.

About Last Night... 1986 plakat - Filmdagbok