About Schmidt

Film / 2002
4/5

Jack Nicholson er 69 år gammal, noko som med enkel rekning blir 65 då denne filmen blei gitt ut. Perfekt for rolla som den nyleg pensjonerte og 66 år gamle Warren Schmidt. Ein mann som etter å mista kona ikkje helt kva han skal gjere med livet sitt.

Eg synst dette blir ein for lang film. Jack Nicholson er aldri meir enn seg sjølv, noko som er artig, men sjølve filmen blir for slapp. Han unngår det som blir forventa av ein slik film. Ser du på mannen som står bak filmen, Alexander Payne, som i ettertid har laga Sideways, så er det ikkje overraskande at filmen spelar ut seg som han er. Sideways er ein dramakomedie som absolutt har djupn, og det har About Schmidt også. Det morosame med filmen ligg ikkje i handlinga, men i folka som står bak handlinga. Men filmen gir aldri nokon god grunn til å få meg involvert, så det blir med det overflatiske møte.

Ingen dårleg film, men han treff ikkje meg skikkeleg.

About Schmidt 2002 plakat - Filmdagbok