Ad Astra

I Ad Astra drar Brad Pitt utover i solsystemet for å stoppe ei fenomen som kan øydelegge universet. Undervegs lærer han sanninga om faren som blei sakna tretti år tidlegare.

Ad Astra er litt i pose og sekk. Det er ein film med ei enkel historie og ei tilnærming som er ganske så rett fram. Men stilen, stemninga og tempoet som blir brukt er meir i retning av meir filosofiske science fiction-filmar.

Det er ikkje nødvendig å skulle plassere filmen i ein bås. Men det handlar om kva filmen signaliserer, og kva forventingar eg får undervegs. For å gå vidare må eg røpe litt om måten filmen løyser handlinga på.

På grunn av stemninga og eit innslag av ein draum, er det uklart utover i filmen om alt som skjer faktisk skjer. Det kan like gjerne vere ein draum. Men det er det ikkje. Og det verkar ikkje som at det heller er tanken til filmskaparen å skape forvirring når det kjem så langt.

Slike små saker gjer at eg ikkje får slått meg til ro med kva Ad Astra prøver å vere, og dermed blir det vanskeleg å sette pris på filmen i større grad. For eg får ikkje tak i om ting er tilfeldig eller gjennomtenkt. Samtidig som det verkar som at filmen ville ha fått fram eit sånt poeng.

Ad Astra er litt overalt, og for lite av noko konkret. Han er interessant i si formidling av avstandar, og har ei slags realistisk tilnærming som eg kan setje pris på. Men utover det byr ikkje historia på noko som er verdt å hugse.

Ad Astra 2019 plakat - Filmdagbok