Adventureland

2009 / Film
20. juli 2009
4/5

Greg Mottola med ny film, både manus og regi denne gongen.

Adventureland er ikkje fullt så rar som seinare tenåringsfilmar med rar ungdom. Jesse Eisenberg er den nye ungdomen i byen og har aldri hatt sex. Problemet er ikkje at han ikkje får damer, men det følgjer alltid med bagasje. Samstundes må han nøya seg med ein dårleg sommarjobb i den lokale temaparken.

Adventureland er herleg roleg og morosam, han prøver ikkje for hardt. Men sidan alt ser ut til å klaffa, både humor, romantikk og nytta av kjende skodespelarar, vert det ein knallfilm.

Adventureland 2009 plakat - Filmdagbok