After the Sunset

2004 / Film
18. juli 2005
3/5

Har Salma Hayek nokon gong vore meir sexy? Eg trur ikkje det! Og filmen er ikkje så verst heller, faktisk så er han ganske god. For meg var det ein perfekt balanse mellom komedie, romantikk og jakta på diamanten. Alt er lagt til ei vakker og eksotisk øy. Og så lenge det er ei eksotisk øy med, så blir det meste greitt å følge med på. Eg drøymer meg bort på ferietur.

Elles har eg ikkje så mykje å seie om denne filmen. Eg trur at eg har dekka det meste i avsnittet over om den perfekte balansen. Også slutten då, han er berre fin!

After the Sunset 2004 plakat - Filmdagbok