After

Den pliktoppfyllande, rolege og skuleflinke Tessa Young drar avstad til college. Ho etterlet seg ei mor og ein kjærast som er året yngre.

På college møter ho eit anna liv, med den mystiske Hardin Scott i spissen. Og ho opplever å bli skikkeleg forelska for første gong.

Men det som utviklar seg mellom Tessa og Hardin er ikkje plankekøyring. Og det er noko meir som går føre seg.

After er eit ukomplisert og fint nok romantisk drama med unge personar. Eg tykkjer at filmen er god på å formidle handlinga frå deira perspektiv. Det kan verke enkelt og opplagt nok det dei gjennomgår, men for dei er det seriøst. Og det fungerer.

Filmen spelar godt på klisjear og stereotypar. Det er eigentleg heilt topp i ein film som denne. Det er ein solid film som er laga av noko som veit å lage ein heilt vanleg film, utan at det får preget til ein tv-film. Og utan at det er nøydd til å bli ein heil film om dystre skjebnar.

After 2019 plakat - Filmdagbok