Airplane II: The Sequel (1982)

Film / 6. juli 2015
3/5

Eg hadde ikkje sansen for Airplane! då eg så filmen for seks år sidan, men bestemte meg likevel for å gi oppfølgjaren ein sjanse i vår. Og enten har sansen min for satiriske katastorfekomediar blitt større, eller så likte eg rett og slett berre Airplane II: The Sequel betre. Men eg synst iallfall dette var en artig film.

Denne gangen blir me med på ei romskipsreise med passasjerar som skal til månen, men som hamnar på feil kurs og går rett mot sola. Den dramatiske vendinga er krydra med humor heile vegen. Heile poenget med filmen er å plukke konvensjonar frå kvarandre, snike inn vitsar der det minst er venta, og snu det meste opp ned. Og det fungerer lenge, men eg blir litt lei helt mot slutten.

Det handlar så mykje om dei små detaljane og dei små vitsane, at å prøve ei oppsummering eller en gjenskaping i skriftleg for blir umogleg for meg.

Eit gjensyn med Airplane! er på sin plass for min del, i tru på at den kan vere enda betre denne gongen.

Airplane II: The Sequel 1982 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Airplane

Regi

Ken Finkleman

Manus

Ken Finkleman, Al Jean, Mike Reiss

Skodespelarar

Lloyd Bridges, Raymond Burr, Chuck Connors, Rip Torn, John Dehner, Chad Everett, Peter Graves, Julie Hagerty, Robert Hays, Kent McCord

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Airplane II: The Sequel

Forfattar