Akeelah and the Bee (2006)

Film / 30. oktober 2006
3/5

I USA er stavekonkurransar populære greier. Kvart år sender kvar stat tre heldige, og veldig talentfulle, unge til den nasjonale stavekonkurransen (National Spelling Bee) i Washington D.C. Desse har kvalifisert seg vidare gjennom 4 rundar før dei står på scena i Washington framfor millionar av sjåarar på den landsdekkande sportskanalen ESPN.

Tidlegare i år så eg Bee Season, som også omhandlar denne konkurransen. Den største forskjellen mellom desse filmane ligg ønske om å stave. I Bee Season vart unge Eliza nærast pressa av en favoriserande far til å lære å stave skikkeleg, samt at det var andre faktorar som gjorde filmen til en djupare oppleving enn Akeelah and the Bee er.

Akeelah (Keke Palmer) likar å lære seg ord, finne ut tydinga av dei, og å stave. Mora er ikkje så glad for dette, men når talentet til Akeelah blir oppdaga på skulen, får ho så lyst til å vere med på Spelling Bee at ho forfalskar sin avlidne fars signatur for så å sniktrene med Dr. Larabee (Laurence Fishburne), den personlege stavetrenaren til Akeelah, utnemnt av rektoren på skulen der ho går.

Filmen som er laga med delvis støtte frå Starbucks Coffee er ein heilt vanleg film. Den er ikkje på nokon punkt overraskande i retninga den tek. Miljøet og personane kunne vore tatt frå ein kva som helst slags konkurransefilm, og alderen spelar ingen rolle. I tillegg til konkurransen kjem det å kunne få ny venner, tru på seg sjølv og ta i mot hjelp frå andre. Filmen hamnar godt blant det eg iallfall forbind med typisk amerikansk konkurransedrama. Og til å vere ein slik film fungerer den godt nok. Deler blir litt for overveldande og oppspelte til å ta inn over seg, men filmen får godt fram det den prøver på.

Etter en litt uventa slutt, som kanskje dei som kan reglane til punkt og prikke likevel ville ha gjetta seg til etter kvart, sit eg igjen med ei god kjensle. Det er ingenting ekstraordinært med filmen som klarer seg godt som eit drama med unge føre kamera. Fleire småting kan en likevel sette peikefingeren på, men eg er ikkje her for å rakke ned på detaljar i dag, det er heilskapen som tel her.

Akeelah and the Bee 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Doug Atchison

Manus

Doug Atchison

Skodespelarar

Keke Palmer, Laurence Fishburne, Angela Bassett, Curtis Armstrong, J.R. Villarreal, Sean Michael Afable, Sahara Ware, Lee Thompson Young, Julito McCullum, Erica Hubbard

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Akeelah and the Bee

Forfattar