Akira

Film / 1988
4/5

Akira er blant det mest imponerande av animasjon eg har sett. Punktum. Historia er god, men animasjonen tar kaka.

I mitt gjensyn med denne japanske animeklassikaren, lét eg meg imponere og underhalda i stor grad. Akira er basert på ein omfattande manga på rundt 2000 sider, og målet til Katsuhiro Ôtomo med filmen var eit episk produkt som skulle vere mangaen verdig. Til dette brukte han eit på den tida gigantisk budsjett med tanke på formatet, 11 millionar 1988-dollar. Dette innebar mange nye måtar å gjere ting på, og langt høgare detaljnivå enn det som var vanleg i anime.

Akira handlar om ei gruppe ungdommar i eit framtidig Tokyo, ei stund etter tredje verdskrig. Ein av dei blir involvert i eit pågåande og hemmeleg militært prosjekt, som gir han store krefter, gjer han til ein psykopat og ein stor trussel for omverda. Bakgrunnen for dette, og også korleis det heile går for seg, er så rik på detaljar, innhald, samanhengar og inntrykk at det krev mykje av deg som sjåar for å henge med på alt.

Under mitt første gjensyn på over ti år var det lite frå historia som eg hugsar. Men det visuelle hadde festa seg godt. Det er til tider forstyrrande bilde som blir vist. Øydeleggingar i stor skala, raske mutasjonar og ei grense mellom det psykiske og fysiske som blir viska vekk og gir rom for dryge scener.

Eg får igjen sansen for det eg ser. Dette er ei oppleving utanom det vanlege. Som eg er inne på så synst eg det var ein krevjande film. Godt mogleg at det er på grunn av at eg gjekk for versjonen med japansk tale og engelsk teksting. Det er veldig mykje som blir vist, mykje som blir sagt og underteksten må lesast kjapt. Men engelsk tale var uaktuelt. Animasjonen av munn og ansikt er laga i etterkant av innspelinga av tale, for å få dette til å passe. Som sagt, høgt detaljnivå og stort budsjett.

Akira 1988 plakat - Filmdagbok

Publisert

23. august 2015 av

Regi

Katsuhiro Ôtomo

Manus

Izô Hashimoto, Katsuhiro Ôtomo

Skodespelarar

Mitsuo Iwata, Nozomu Sasaki, Mami Koyama, Tesshô Genda, Hiroshi Ôtake, Kôichi Kitamura, Michihiro Ikemizu, Yuriko Fuchizaki, Masaaki Ôkura, Tarô ArakawaVis alle 104 skodespelarar

Sjangrar

Animasjon, Action, Drama, Science fiction, Thriller

Land

Japan

IMDb

IMDb-side om Akira