Alan Wake

Spel / 2010
3/5

Bak spelet Alan Wake står utviklarane av dei to første Max Payne-spela, Remedy Entertainment. Dette var eine og åleine grunnen til at eg beit meg merke i spelet nok til å gi det ein sjanse.

Dette er eit spel som legg mest vekt på historia framfor spelinga. Som betyr at det er relativt lineært, og du ikkje får høve til å ta så mange val undervegs. Fleire deler av framdrifta handlar om å trykke på ein knapp for å sjå neste filmsekvens.

Historia er god nok, men eg forventar å få spele når eg kjøper eit spel. Og det som skal bli spelt her er stort sett av typen å trykke på knappar i rett tempo og så vidare. Ikkje noko særleg som skal bli meistra.

Filmen får altså skryt for historie, og trekk for spelemåte.

Alan Wake 2010 plakat - Filmdagbok