Alice in Wonderland

Fem år etter at han døydde, kom det mest kjente arbeidet til Lewis Carroll til skjermen for første gong. Denne versjonen av Alice in Wonderland på rundt åtte minuttar har alle dei kjente scenene. Den kvite kanina, Alice som krympar og veks, måltidet med hattemakaren, kortfolket, og så vidare.

Dessverre er den fysiske kvaliteten til denne filmen så låg at det går ut over sjåaropplevinga. I blant er det nødvendig å kjenne til historia for å forstå kva som skjer, trass i tittelkorta. Uansett er det eit godt forsøk av Cecil M. Hepworth og Percy Stow. Cecil M. Hepworth er også stjerne i filmen som ein frosk. Desse to filmskaparane har i stor grad gått i gløymeboka i dag. Mange av filmane deira er tapt for ettertida. Men om du ser på den store mengda med arbeid dei stod for, så er det lett å sjå at dei høyrte til blant dei mest innverknadsrike pionerane i Storbritannia medan filmen som medium var nytt.

Alice in Wonderland 1903 plakat - Filmdagbok