Alien

Film / 1979
4/5

Tidlegare har eg berre sett delar av Alien frå 1979, så det var på høg tide eg fekk sett heile, for eg har fått inntrykk av at filmen var både skremmande og god. Inntrykket stemte, han var skremmande god.

Filmen klarar å halde eo nervøs stemning gjennom store delar utan å overdrive på spenningen. Mykje av dette er takka vera den minimale blottinga av romvesenet. Det er vel ingen tvil om at det usette er skumlare enn ein hær av romvesen som flyg over skjermen. Fantasien er meir effektiv enn spesialeffektar. Slik er Alien. Filmen har òg sine avgrensingar på spesialeffektar, sjølv om det er litt, så er det grøssaren og thrilleren som blir vektlagt. I motsetning oppfølgjaren Aliens.

Alien 1979 plakat - Filmdagbok