Aliens

James Cameron tok over spakane når Alien blei til Aliens i 1986. Dette blir merka tydeleg når det gjeld actionbiten. Militære i jakt på fleire romvesen har erstatta eit forsvarslaust mannskap i kampen mot eit enkelt vesen.

Pengar er pøsa på spesialeffektar utan at det har så mykje å sei for min del. Eg blei skuffa over den store forskjellen mellom desse to filmane, for eg hadde nok forventa meir pirking i nervetrådar enn det vart her. Litt er det altså, men det kjem sjeldan i mellom dårlege vitsar og ein unødvendig skrikarunge som alt er med på å gjere filmen meir kommersiell.

Som rein actionfilm er det vel ikkje det dummaste. Det fine med påkosta filmar frå denne tida er eit forfriskande fråvær av dataanimasjon som me er vant med i dag. Her er det bøtter og spann med slim og sveitte, ingen steril sminkeromsaction eller pikselskapa dataspelmonster.

Aliens 1986 plakat - Filmdagbok