All About Eve (1950)

Film / 9. september 2007
3/5

Dette er en av dei filmane eg ikkje har så mykje å seie om. Naturleg nok likte eller mislikte eg filmen, om ikkje noko midt i mellom. Jo, heller det siste.

All About Eve har godt skodespel, sjølv om det oftast blir ganske så stivt. Ein grunn til det kan vere at det handlar om teaterskodespelarar som ikkje har den varmaste auraen.

Så er filmen for lang. Eg tenker på kor effektiv Scarface frå 1932 speler ut seg over 90 minuttar. I All About Eve er det mindre å ta tak i, men den er desto 50 minuttar lengre.

Det handlar om Eve. I starten får me vite at ho har vunne en prestisjefull pris. Så legg filmen ut på å fortelja korleis det enda opp sånn, ved å byrje før Eve blei skodespelar i det hele. Historia som følger er full av godord og glamour, men blir stadig meir haetfull.

Trass det ene og det andre, All About Eve er en halvgod eller halvdårleg affære som eg aldri vil engasjere meg i. Den har nokon kvalitetar, men manglar andre. Eg kjeder meg ikkje akkurat. Det kan jo sjåast på som et pluss?

All About Eve 1950 plakat - Filmdagbok

Regi

Joseph L. Mankiewicz

Manus

Joseph L. Mankiewicz, Mary Orr

Skodespelarar

Bette Davis, Anne Baxter, George Sanders, Celeste Holm, Gary Merrill, Hugh Marlowe, Gregory Ratoff, Barbara Bates, Marilyn Monroe, Thelma Ritter

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om All About Eve

Forfattar