All About Steve

Ein film eg meiner er betre enn sitt rykte, er All About Steve. Ein komedie med Sandra Bullock, Thomas Haden Church og Bradley Cooper. Og fleire, men det får holde med nemning av kjente namn.

Sandra Bullock er ei eksentrisk kvinne som lager kryssord. Ho er stereotypen av ei kvinne som ikkje trekk menn på film, med triste klede og stygge briller.

Omstende fortalt i filmen gjer at ho blir opphengt i ein fyr, Steve, og bestemmer seg for å følge etter han. Han reiser i jobben, som kameramann for ein tv-stasjon, og All About Steve blir ein film om denne sprø etterfølginga og ei anna historie som utfoldar seg.

Eg skulle tru denne filmen prella av meg, så føreseieleg og enkel han er. Sandra Bullock er derimot fantastisk, og morosam, i ei stereotypisk rolle. Og eg lar meg underhalda gjennom heile filmen. Dette er ingen stor filmkunst, eller komedie, eller nødvendigvis romantisk komedie, men det har altså Sandra Bullock ved seg som ein styrke.

All About Steve 2009 plakat - Filmdagbok