All Good Things

Ein mann opplevde at mora tok sjølvmord når han var barn. Dette pregar han i vaksen alder, og gjer ekstra utslag då han bestemmer seg for å gifte seg.

All Good Things er ei blanding mellom et mysterium og eit drama. Me blir fortalt ei historie basert på faktiske hendingar mellom 1970 og 2000. Det handlar om omstenda rundt ei forsvinning og rundt livet til hovudpersonen. Han blei mistenkt for å ha drepe kona si i 1982, men blei ikkje tatt for dette.

Me blir fortalt mykje av det dårlege som han gjorde, og om livet og familien rundt han og kva påverknad det hadde på hans tydeleg ustabile psyke. Likevel tar filmen avstand i frå dei store konklusjonane, og blir sånn sett eit effektivt mysterium.

Eg får også sansen for miljøet og karakterane til filmen. Spesielt dei som får sitt liv øydelagt av den sentrale figuren viser ei dyster, men godt skildra endring. Det eg har minst sansen for er kanskje sjangeren, men mest at det ikkje er store nok påskjøninga for å følge med. Av typen film som All Good Things er, som er god utan å briljere, så må det ein ekstra faktor til for å få han opp på toppen. Her forventa eg ei interessant vending eller ein konklusjon, utan at det kom.

I ettertid av filmen laga Andrew Jarecki også ein dokumentarserie for HBO, The Jinx: The Life and Deaths of Robert Durst. Dette er ei dokumentarisk etterforsking av dei kriminelle handlingane som følgde nærværet av Robert Durst, som karakteren i All Good Things er basert på. Og serien enda med at Durst avslørte seg sjølv som drapsmann.

All Good Things 2010 plakat - Filmdagbok