All I Want for Christmas (2007)

Film / 12. desember 2015
2/5

Ei åleinemor vert dregen inn i ein nasjonal leiketøykonkurranse, då sona hennar deltek med ønske om at ho skal få seg ein ektemann.

Halvveges blant årets julefilmar er statusen at dei fleste filmane har vore anten fine, passe gode eller greie. All I Want for Christmas er eit av dei unntaka. Det er ikkje fordi han er nemneverdig dårleg, men han er tafatt og gjev inntrykk av å prøva for hardt. Det er ein annan måte å sei at han ikkje får til detaljarbeidet på.

At alt som skjer er føreseieleg er som forventa, og heller ikkje ein stort minus. Men det krev karakterar å like, noko som All I Want for Christmas manglar. Eg kan klara meg utan eit perfekt rollegalleri i ein tv-film som dette, men her har eg ikkje sansen for hovudrolla eingong.

Eit av dei større problema eg har med filmen er at han ser og kjennest ti år eldre ut enn han er. Hadde filmen komme i 1997 så hadde det vore greitt, men det er noko med å vera utdatert på denne måten som ikkje appellerer.

All I Want for Christmas 2007 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Julefilmar

Regi

Harvey Frost

Manus

Marc Prey

Skodespelarar

Gail O'Grady, Greg Germann, Robert Mailhouse, Jimmy 'Jax' Pinchak, Robert Pine, Bess Meyer, Gloria Gifford, Beverly Sanders, Gia Mantegna, Amanda Foreman

Sjangrar

Familie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om All I Want for Christmas

Forfattar