All Inclusive

I den svenske filmen All Inclusive drar ei mor og to vaksne døtre på sydentur for å feira mora 60-årsdag. Mannen har nyleg gått frå ho, og den dottera som oppfører seg med ansvarleg er bestemt på at deira far ikkje skal bli snakka om. Sjølv om den andre dottera, som akkurat har fått vite nyheiten på flyet til syden, har mange spørsmål.

Det er tre gode karakterar som utgjer All Inclusive, som best kan skildrast som ein useriøs, men vaksen komedie. I tillegg til den ansvarlege dottera har me den rake motsetningen i form av den andre dottera. Ei som nektar å bli vaksen, og viss livet er eit einaste rot. Verkar det som. Og mora er ikkje akkurat i topp mental form etter at mannen hadde ein affære.

Men på turen byrjar ting å endre seg. Me kan sei det som at karakterane gradvis blir utfordra på kven dei for tida er, og at det byr på mange artige stunder. Dei bygger på mellommenneskelege forhold, og det er det som gjer filmen festleg. Eg ser for meg at nokon andre enn Karin Fahlén fort kunne ha gjort All Inclusive til ein rølpete komedie med fysisk komedie.

All Inclusive er ein stabilt og midt på treet morosam. Han har nokre høgdepunkt som gjer han passe minneverdig. Men mest av alt er det ein god nok film til å sjå ein gong, og ferdig med det.

All Inclusive 2017 plakat - Filmdagbok