All Is Bright

All Is Bright er ein dramakomedie med Paul Giamatti og Paul Rudd.

Dennis (Paul Giamatti) er ute på prøvelauslating og har behov for ein jobb. Han tvingar sin tidlegare kriminelle partner Rene (Paul Rudd) til å sparke sin noverande kollega og heller ta med han til New York for å selje juletre.

På toppen av dette har ekskjærasten til Dennis fortalt barnet deira at Dennis er død. Rene har blitt i lag med denne ekskjærasten. Og juletresalet går ikkje som forventa med ein gong.

All Is Bright er ein litt sint og ei delvis oppgitt historie der humoren alltid ligg på lur. Om filmen er verdt å kritisere så er det på grunn av mangel på moral. At det på trass av humoren verka som filmen er seriøs på at tjuveri er ok, så lenge målet er godt. Men så er også forma for lovlydig som Dennis påstår han er blitt, halve moroa med filmen. Lovlydig og forsøk på å lære seg skikkeleg kunnskap om forretningsområde i blant, og ein lusen kriminell når det måtte passe.

Ei eventuell anbefaling av filmen er avhengig av enkelte faktorar. Er du ute etter ein ny film, som også er ein julefilm, så kan du trygt sjå All Is Bright. Eventuelt kan du sjå The Fitzgerald Family Christmas. Men som ny film åleine, eller julefilm åleine, så hamnar filmen i beste fall midt på treet.

All Is Bright 2013 plakat - Filmdagbok