All Is Lost (2013)

Film / 30. januar 2015
4/5

Ein mann i en båt på havet hamnar i en storm og får problem. Handlinga til All Is Lost som berre har Robert Redford som skodespelar, er ukomplisert. Det er en reindyrka mann mot natur-film, med høg spenningsfaktor og stemningsfull venting. Der situasjonen ofte verkar håplaus, og du ikkje veit utfallet.

Eg har sansen for filmar som prøver og får til det enkle og avgrensa. Buried med Ryan Reynolds. Phone Booth med Colin Farrell. All Is Lost føyer seg elegant inn i rekka av minneverdige filmar av denne typen.

Mannen i filmen er ein helt av typen som må bruke intellektet for å overleve, og som går an å sjå opp til på grunn av dette. Her er ingen forkludring i forsøk på å framstille ofring av sitt liv for andre som positiv. Mannen her set sitt liv høgast, investerer tid og krefter i å bevare dette, og krev ikkje at andre skal gjere det for han.

All Is Lost 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

J.C. Chandor

Manus

J.C. Chandor

Skodespelar

Robert Redford

Sjangrar

Action, Drama, Eventyr

Land

USA

IMDb

IMDb-side om All Is Lost

Forfattar