All the Bright Places

All the Bright Places er ein tenåringsfilm fylt av dystre tankar, triste skjebnar og ein dose romantikk. Elle Fanning gjer seg godt i hovudrolla, og er støtta av Justice Smith som motspelar.

På ein joggetur i mørke møter Finch (Justice Smith) Violet (Elle Fanning) der ho står på rekkverket på ei bru. Han blir umiddelbart interessert i ho, og går inn for å bli kjent med ho. Veldig snart får han vite at Violet mista søstera si tidlegare, og er prega av dette.

Gjennom eit samarbeid på eit skuleprosjekt går Finch inn for å vise Violet fine stader i området, og dei blir soleis kjent. Og med kjennskapet så utviklar filmen karakterane og viser oss både forandring og fleire sider som er med på å prege den vekselsvis fine og dystre filmen.

Av typen film ligg dette nærare ungdomsfilm på kino enn tv-film for ungdom, om det gir meining. Filmen er gitt ut på Netflix, som har stort spenn i katalogen sin. Men her har det tydelegvis blitt satsa litt ekstra.

Eg likte dei fine sidene ved filmen, men merkar at eg ikkje nødvendigvis er så interssert i dystre tenåringsfilmar. Så det blir berre ein grei og god film for meg. Over middels, men ikkje god nok til at eg vil anbefale han, sjå han igjen eller skjenke han stort fleire tankar i framtida.

All the Bright Places 2020 plakat - Filmdagbok