All Together Now

Film · 2020 · · 20. februar 2021
2/5

All Together Now er ein Netflix-film eg visste lite om, men det eg visste gav meg visse forhåpningar til dette som ein lett og underhaldande film. Men det viste seg at All Together Now er ein film som heller vel å la historia handle om det vanskelege tilveret til ei heimlaus jente og mora hennar.

Jenta heiter Amber, og likar å involvere seg i frivillig arbeid på skulen og i fritida. Ho pleier å setje i stand ein skulerevy for innsamling av pengar til veldeige formål. I tillegg arbeidar hos på ein aldersheim etter skuletid. Men det å ta i mot hjelp frå andre er ho mindre flink til.

Så det er omtrent alt det filmen handlar om. Brorparten av filmen blir brukt til å teikne eit dystert bilde av livet til Amber. Litt komedie krydrar det i blant, men ikkje nok for min del. All Together Now føyer seg inn i rekka av ungdomsfilmar frå Netflix med fokus på seriøse tema. Slik som All the Bright Places og The Half of It. Men det er kanskje den filmen som gir meg minst av desse filmane so langt.

Bruk heller tida på noko artig.

Les ei anna melding på filmcarnage.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
All Together Now 2020 plakat - Filmdagbok