Alle utlendinger har lukka gardiner
Alle utlendinger har lukka gardiner handlar om ei jente som forelskar seg, om familien hennar, broren hennar som er soldat og ungdomsliv generelt på Romsås i Oslo.
Karen Øye debutterer som skodespelar i rolla som ungdommen Mariana. Med seg i andre sentrale rollar har filmen Cengiz Al frå Skam og Serhat Yildirim frå 17.
Eg har lenge tenkt på å sjå denne filmen, og har soleis bygd meg opp nokre forventingar. Samtidig har eg fanga opp på IMDb at snittrangeringa har vore låg, så forventingane mine har også blitt justert ut i frå det. Det eg landa på var at eg hadde lyst å sjå filmen, men stilte med blanke ark til nivå og innhald han skulle levere.
Dette er ein enkel film som går litt i alle retningar. Det er ikkje ei sterk historie som peikar seg ut som samlande for filmen. Slik sett kunne dette like gjerne ha vore delt opp i ein serie og sendt som Skam og 17.
Det er kvardag det i stor grad handlar om, og sjølv om nokre seriøse tema blir teke opp, stikk ikkje filmen så altfor djupt innanfor desse. Men så er det den noko overflatiske og varierte innfallsvinkelen som gjer filmen interessant tykkjer eg. Det er eit filmatisk innblikk i ungdomslivet, utan at det blir skildra som åtskilt frå verkelegheita, som også består av familie, lærarar og andre vaksne. På ein annan måta kan ein sei at filmen siktar inn mot gråsonene, og ikkje å skildre utvalte personar, miljø og hendingar som svart-kvite.
Filmen får godkjent frå meg. Han verkar noko uferdig og ufokusert, men har små lyspunkt og er artig nok til å vere verdt tida.

Skodespel
Karen Øye • Serhat Yildirim (II) • Cengiz Al • Deniz Nourizadeh-Lillabadi • Jonatan Rodriguez • Yngvild Støen Grotmol • Kristoffer Bech • Max Mohammed Ali Abdisalam • Oscar Adam Solum • Batuhan Berber • Erik Boye Halvorsen • Emily Glaister • Meryem Aisha Arikan • Tilde Borge Teien • Rebecca Nguyen (II) • Yosef Khadar • Hebatallah Al-Mosawi • Agi Mariama Jeng • Tiril Pharo • Petter Winther • Iselin Shumba Skjævesland • Abdul Kadir Hassan Saiid • Adam Nsiri • Brage Ramsrud • Ruba Masholy • Emilie Solberg • Yosef Adam • Carl Emil Løvstad • Hennie Aspenes Flataukan • Arwen Aspenes Flataukan … Minimer … Vis alle