Allegheny Uprising

John Wayne leiar ei gruppe med nybyggarar som er nøydd til å kjempe mot indianarar. Og mot briten Georg Sander og ein forrædar som heiter Brian Donlevy. Trass i dei koloniale omgivnadane er dette stort sett ein western.

John Wayne spelar godt, men Claire Trevor stel merksemda som den munnrappe gutejenta som er forelska i han, og har lyst til å slåst side om side med mennene.

Resten av mannskapet er solid. Det er mykje action og ein del komedie. Eit hurtig tempo hjelp på. Historia er laust basert på ekte folk og ekte hendingar. Filmen er laga det same året som Stagecoach, men er ikkje på same nivå. Likevel er det eit underhaldande historisk drama og western.

Allegheny Uprising 1939 plakat - Filmdagbok