'Allo 'Allo!

Serie
1982–1992
3/5

Den britiske komiserien 'Allo 'Allo! gjekk på BBC mellom 1982 og 1992, og har hatt sin plass på NRK. Sjølv såg eg aldri serien samanhengande, og har byrja med det no.

Etter å ha sett ferdig første og andre sesong er den foreløpig dommen at dette er humreverdig. Det er ein lun og lur type humor stort sett, men serien byr også på vitsar som får meg til å le.

Handlinga i første sesong byr ikkje på altfor mykje, men er nok til å skape den ønske håplause stemninga der det meste er utanfor kontroll.

Andre sesong følgjer opp utan dei altfor store endringane. Det blir litt meir av ein general og ein kollega av herr Flick i Gestapo. Utover det er det framleis britiske pilotar og måleri det handlar om. Kanskje er det litt meir finpussa enn før, men stort sett det same.

Også tredje sesong er stort sett det same som før. Pølser, maleri og god britisk humor. Mykje er repetisjon, men det er også sjarmen med 'Allo 'Allo!

I fjerde sesong skjer det nokon utskiftingar. Kafearbeider Maria og den tyske kapteinen Hans forsvinn. Inn kjem blant anna ny kafearbeider Mimi og ein italiensk militær, kaptein Alberto. Det er med folka som er med her eg hugsar 'Allo 'Allo! frå min barndom, så dette er artige gjensyn.

Femte sesong er den lengste, og utgjer med sine 26 episodar nesten ein tredjedel av heile 'Allo 'Allo! Årsaka til dette var at serien satsa på USA som marked. Og med det var også episodane fem minuttar kortare enn før. Desse endringane betyr ikkje noko for kvaliteten til serien, som held fram i same gode bane som før.

Med sjette sesong er serien tilbake til den tidlegar lengda si, men åtte episodar. Det er omtrent alltid endringar på nokon måtar mellom sesongane i denne serien. Med enten nye karakterar eller handling. Det held serien passe fersk, trass i at det stort sett er det same det går i.

Eg hugsar lite frå seinare sesongar, men håpar at serien utviklar seg til å bli meir innvikla eller rik på ulike historiar. Tida vil vise.

  • 'Allo 'Allo! 1982-1992 plakat - Filmdagbok
  • 'Allo 'Allo! 1982-1992 plakat - Filmdagbok

    Dato

    20. februar 2021

    Forfattar


    Skodespel

    Gorden KayeCarmen SilveraVicki MichelleVis alle

    Merkelapp

    Sjangrar