Almost Famous (2000)

Film / 3. mai 2006
4/5

William Miller er ein 15 år gammal journalist for musikkbladet Rolling Stones, og reiser på turné med rockebandet Stillwater. Bandet Stillwater har eksistert i den perioden filmen går føre seg i, men filmen har ikkje fått status som anna enn semi-autobiografisk.

Filmen er god, men eg har meir enn det å sei om han. Det er nokon ting her eg ikkje likar. For eksempel fråsegna til musikkjournalisten Lester Bangs (Philip Seymour Hoffman) om bandet The Doors.

Filmen er ei berg- og dalbane heile vegen, eit par scener blei for lange, Patrick Fugit varierte veldig i truverd. Både for oss publikum og for dei andre rollefigurane i form av William Miller. Han er etter min smak for lang, eg vart veldig utålmodig etter 90 minuttar. Filmen gav meg ikkje noko å gripe fatt i mot slutten. Eg sakna kjensla av at noko måtte skje for å redde situasjonen. Kanskje det er ein god ting?

Noko som eg står fast ved at er ein god ting, er det at filmen ikkje trår inn i rekka av filmar om berømte folk som har brukt narkotika. Til det har me Wonderland, Boogie Nights og The Doors, pluss ein del eg nok aldri har sett.

Så konklusjonen min får bli den, at Almost Famous er ein god film, som unngår å ta opp bandproblem utelukkande på grunn av narkotika og alkohol, likevel om det finst her. Han gir ei god stemning, og har gode skodespelarar med få unntak. Jason Lee som vokalist Jeff Bebe, og Billy Crudup som gitarist Russell Hammond.

Almost Famous 2000 plakat - Filmdagbok

Regi

Cameron Crowe

Manus

Cameron Crowe

Skodespelarar

Billy Crudup, Frances McDormand, Kate Hudson (I), Jason Lee, Patrick Fugit, Zooey Deschanel, Michael Angarano, Anna Paquin, Fairuza Balk, Noah Taylor

Sjangrar

Drama, Eventyr, Komedie, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Almost Famous

Forfattar