Aloha (2015)

Film / 3. juni 2016
3/5

Aloha har fått lunkne tilbakemeldingar siden filmen kom ut i 2015, men eg har sansen for det Cameron Crowe har skapt her. Om ikkje på et politisk plan, så på at filmen er ambisiøs i sin blanding av ei historie med eit poeng og ein romantisk komedie.

Emma Stone stikk av med glansen. Resten av ensemblet er også kjente og gode skodespelarar, som trass stjernefaktor bidrar med meir til filmen enn å vere sine kjente seg. Ein fare i filmar som er så tettpakket av kjente ansikt som denne.

Handlinga er lagt til Hawaii, og gjer nytte av det til å gi militærdramaet et lysare preg, samt innspel av lokal musikk. Ei anna side av denne saka er Crowes tanke om å fortelje om rolla til Hawaii i militær samanheng.

Kjerna i filmen er romansen mellom Bradley Cooper og nemnde Emma Stone. Det er ingenting eksepsjonelt med utføringa av denne, men det går heim fordi Stone utstråler slik entusiasme i sin artige karakter. Dette har ho vist at ho kan før, og var en av årsakene til at eg gav filmen ein sjanse trass labre tilbakemeldingar frå mange hold. Ein annan årsak var at den ofte kritiserte Elizabethtown står høgt hjå meg.

Aloha 2015 plakat - Filmdagbok

Regi

Cameron Crowe

Manus

Cameron Crowe

Skodespelarar

Bradley Cooper (I), Emma Stone, Rachel McAdams, Bill Murray (I), John Krasinski, Danny McBride (IV), Alec Baldwin, Bill Camp (I), Jaeden Lieberher, Danielle Rose Russell

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Aloha

Forfattar