Alpha

Film · 2018 · · 13. august 2021
3/5

I ei historie lagt til ein stad i Europa for 20 000 år sidan, blir ein ungdom med på den første store jakta si etter å ha klart dei nødvendige prøvane.

I lag med andre menn frå stamma legg han ut på ei lang reise for å jakte på bøflar. Jakta er viktig for å kunne fø stamma, men midt i den mest kritiske delen av ho så skjer det noko alvorleg med ungdommen.

Plakaten viser eit bilde av guten og ein ulv, side om side. Og med teksten under seier filmen at han handlar om korleis menneska fekk hunden som kjæledyr. Eg treng ikkje sei stort meir om tematikken, og heller ikkje om framgangen i filmen. Då eg vil gi moglegheita til å oppleve filmen ufortalt vidare til andre.

Fiffige sider ved Alpha er lite snakking, men eit eldre eller framand språk når det først blir sagt noko. Spesialeffektar og foto ser unektelege lekkert ut, og actionsekvensane like så. Kanskje det ikkje alltid ser ekte ut, men det passar til filmen sin måte å angripe forløpet på.

Alpha var ein film eg hadde tenkt lenge på å sjå, og som absolutt levde opp til forventingane. Det er ikkje ein topp film, men er solid som både underhalding og action.

Les også meldingar på www.flickfilosopher.com (engelsk) og battleshippretension.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.facebook.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Alpha 2018 plakat - Filmdagbok