Am Ende kommen Touristen

Film / 2007
4/5

Tysk og lite komplisert film om ein ung tyskar som vel å avtene siviltenesta på ungdomssenteret knytt til Auswitch-museumet. Der finn han kjærleiken og blir engasjert i tinga som skjer rundt seg.

På overflata er dette ein lett og lystig film som mellom anna spelar på Polen- og Tyskland-vitsing. Det som gjer det til ein betre film er at han består av fleire lag som frivillig kan bli utforska, denne tilføringa av meining er ein fin ting som eg kom til å sette pris på her.

Am Ende kommen Touristen 2007 plakat - Filmdagbok