Amadeus (1984)

Film / 8. november 2007
3/5

Amadeus fortel historia om Wolfgang Amadeus Mozart på ein underhaldande, litt morosam og noko dramatisk vis.

Filmen skildrar livet hans frå ung og talentfull til vaksen og full. Hans musikalske geni er alltid der, men filmen heng seg vel så mykje opp i det utsvevande og dramatiske livet hans.

Det bryr meg fint lite kor mykje av dette som er basert på ei sann historie mens eg ser filmen. Verken i positiv eller negativ retning. Eg tykkjer at filmen har mykje godt ved seg. Det som trekk ned er denne tilsynelatande sjølvproklamerte verdien ved filmen. Altså eit inntrykk eg får over at filmen skal bli tatt seriøst, då den så tydeleg berre er underhaldning.

Det kan vere noko med denne tidsperioden. For Gandhi gav same inntrykk.

Men Amadeus kan vere verdt å sjå likevel. Han ligg og lurer i øvre sjikt innanfor si rangering.

Amadeus 1984 plakat - Filmdagbok

Regi

Milos Forman

Manus

Peter Shaffer, Zdenek Mahler

Skodespelarar

F. Murray Abraham, Tom Hulce, Elizabeth Berridge, Roy Dotrice, Simon Callow, Christine Ebersole, Jeffrey Jones (I), Charles Kay, Kenneth McMillan, Kenny Baker

Sjangrar

Biografi, Drama, Historie, Musikk

Land

USA, Frankrike

IMDb

IMDb-side om Amadeus

Forfattar