Amalies jul

Serie / 1995–1995
3/5

I samband med at eg nøstar opp nokon gamle trådar og skriv om for lengst sette seriar, kjem nokon ord om Amalies jul.

Det er vel omtrent 16 år sidan eg så denne serien, som var julekalenderen til NRK i 1995, og har Anne Marie Ottersen i hovudrolla som Amalie.

Som barn tykte eg dette var ein god serie, men ikkje den beste julekalenderen. Ettersom eg samla på dei ferdigopna julekalendrane ei stund, hugsar eg godt nok til å kunne samanlikne, og denne nådde aldri opp på topp.

Heile greia med ein blome kvar dag var ikkje spesielt interessant, og mystikken rundt raudnissane slo heller ikkje an.

Amalies jul 1995-1995 plakat - Filmdagbok