Amanda Knox

Film / 2011
3/5

Tidlegare Heroes-stjerne Hayden Panettiere spelar Amanada Knox i denne biografiske Lifetime-filmen. Kor nær sanninga filmen ligg har eg ikkje sjekka opp, så mine tankar baserer seg på dette som rein og skjær fiksjon.

Hayden Panettiere gjer ei grei rolle i ei krimhistorie som held på mystikken lenge. Kva som er sant, kven som lyg og kva me blir fortalt er heile greia her. Problemet til filmen, som også har slått meg i andre biografiske Lifetime-filmar, er måten historier over lengre tid blir formidla på. Det er litt hastverk og uklart kva som skjer i filmen knytt til tid. No har Amanda Knox i det minste nokon informative tekstar undervegs som viser til relative datoar, men det er ikkje godt nok.

Dette er det største minuset til filmen, ut frå forventningane mine til kva dette skulle vere og burde vere. Med tv-film forventar eg mest eit emosjonelt vektlagt drama, der ei historie blir fortalt i enkle trekk og måten alt heng saman på er sekundært og ikkje nødvendigvis påkosta. Sånn er filmen om Amanda Knox også, ei ung kvinne som blir arrestert fort mistanke om mord i Italia, og må sitje fleire år i fengsel medan rettsprosessen pågår.

Amanda Knox 2011 plakat - Filmdagbok