Amarcord

Det er med ein viss skepsis eg set i gang med kvar Federico Fellini-film, sjølv om eg har sett fleire eg likar. Det har sitt opphav i at Fellini - Satyricon var den første eg såg. Ein film eg absolutt ikkje likte.

Amarcord er heller ikkje det helt store. Det handlar om ein by i Italia på 1930-talet. Små hendingar i dagleglivet og eit hav av fargerike personar utgjer handlinga på over to timer. Deler er passe interessante, mens andre blir uinteressante og stoppar flyten.

Trass i min nedvurdering av filmen er dette ikkje ein typisk dårleg film. Det er ein typisk film som ikkje fell i smak. Som eg kan følge med på ei god stund, men som eg til slutt kjedar meg for mykje av.

Amarcord 1973 plakat - Filmdagbok