American Dreamz

Film / 2006
2/5

American Dreamz, er av den type film som har ein god og morosam filmtrailer som eg gjerne ser meir enn ein gong. Filmen er dessverre ikkje så god som den gir uttrykk for i filmtraileren, noko som ikkje er overraskande.

Han er derimot betre enn mykje av det andre som kjem ut, i og med at han tar satire på eit nivå som i grunn ikkje krev anna enn grunnleggande amerikakunnskapar, og kombinerer det med den vanlege typen humor. Med det tenker eg på Hollywood-komedie utan fyll og fest.

Eg trur likevel du bør skugge unna denne viss du er på jakt etter ei blanding av American Pie, About a Boy og In Good Company. Likevel om det er same regissøren og mange av dei same skodespelarane, blir det ikkje same moroa som det var i dei to førstnemnte.

American Dreamz 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

3. juli 2006 av

Regi

Paul Weitz

Manus

Paul Weitz

Skodespelarar

Hugh Grant (I), Dennis Quaid, Mandy Moore (II), Willem Dafoe, Chris Klein, Jennifer Coolidge, Sam Golzari, Marcia Gay Harden, Seth Meyers, John Cho

Sjangrar

Komedie, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om American Dreamz